fbpx

Nordlys over Gamlebygget

Elevane på Toppen fekk ei fantastisk oppleving då himmelen eksploderte siste kveld før haustferien. På plassen kunne ein høyre ”wow” og ”så flott” frå alle som sto å stirra opp på himmelen og nøyt synet av nordlyset som dansa over himmelen. 

Sjølv om dei fleste hadde reist heim onsdag kveld var det fortsatt nokre att på skulen.  Onsdag kveld tok nokre turen til tårnet på nordlyssafari. Etter litt venting åpna himmelen seg att og gav eit fantastisk og fargerikt show som var minst like bra som kvelden før.

Hopp rett ned til innholdet