fbpx

Laupskardelva. Foto: Graham Stokes

Vefsna-regionen er eit eldorado for elvepadling, og her finn ein nokon av dei beste elvene i Norge. De siste åra har regionen blitt meir og meir kjent, og elvepadlere reiser verda rundt for å padle kjente elvestrekker i Vefsn.

I området rundt Vefsn finner ein fleire kjente klassikarar som er på bucket-lista til elvepadlarar verda rundt. Vefsn byr på alt fra bratte elver for profesjonelle padlere til enkle elver for nybegynnere. Det flotte med regionen er at det tilbyr elvepadling for ein kvar. I regi av prosjektet «Vefsna-Regionalpark» er det blitt utarbeida ein padleguide for vefsna-regionen skrevet av Mariann Sæther. Padleguiden inneholder mange av de beste elvene i området

 

Det finnes også padleperler i Mosjøen

Tverrågå (4-5)

Berre 5 minutt frå sentrum finn ein elva Tverrågå. Tverråga er eit relativt kort, men bratt strekke som byr på kontinuerlig pool-drop style. Ein køyrer opp tverråvegen til kvanndalselva kommer inn, kvar ein puttar på. Nedanfor venter ei brattere sklie med ein teknisk inngang som minner om eit skihopp. Synfares best fra elv høyre. Videre flater elva ut i 300 meter før ein kjem til ei større sklie som bæres på elv venstre. Elva forsetter så ned til eit 2 meter dropp: ein skikkelig kul boof! Det flater så ut igjen eit stykke før ein kjem til storsklia, det siste stryket. Om ein ikkje vil padle heile skila kan ein bære på elv høyre og padle siste delen.

Herringelva (4)

Nedanfor naturreservatet i Herringen ligg eit kort og estetisk padlestrekke. Parker ved naturreservat skiltet og bær ned til elva nedanfor kalvmoforsen. Store deler av elva går i juv. Elva byr på nydelig bekkepadling over flott grunnfjell. De første 150 meterene byr på morsom padling ned til storsklia som dropper 7 meter. Sklia synfares eller bæres best fra elv høgre.  Videre kjem ein til eit dobbel-dropp som til sammen dropper 3 meter, etterfulgt av ei sklie i ein S-sving. Nedenfor forsetter elva med litt roligere stryk ned til takeout. Større sklier venter lenger nede på de som vil bryne seg på litt grad 5 padling.

Buktelva (4)

Buktelva renn ut i Drevvatnet og er sett på som ein av de beste elvene i Mosjøen-området. Elva er ei perle i seg sjølv, og her må ein jobbe for padlinga. Ein kan gå lengre opp, men da blir elva brattere, meir teknisk og det blir fleire bæringer. Det vanlige er å bære kajakken i ca. 1 km til put-in. Stien går på elv høyre. Fra takeout-brua skal elva se litt steinete ut. Store deler av elva går i eit juv, så det kan fort bli mor mykje vatn. Elva starter med to mindre skiler. Nedenfor venter ei sklie som ender i eit 2m dropp. Elva renner fort vider til neste dropp på 1 meter. Ta så ut på elv venstre og bær forbi demninga. Etter demninga kommer ei litt lengre sklie som ender i eit 1,5 meter dropp. Videre er det eit dropp på 3 meter som er høydepunktet på seksjonen. Etter droppet er det «read-and-run» ned til takeout brua.

Skravlåga (4-5)

Skravlåga er ei nylig oppdaga padleelv som renner ut i Elsfjord. Elva ligg ca. 45 minutter med bil nordover for Mosjøen. Seksjonen starter på brua ved Steinholmen og renner djupt nede i eit juv. Heile seksjonen er must-run, så om ein putter på må ein vite at det er svært vanskelig å ta ut ettersom heile seksjonen renn i eit juv. Første sklia dropper 5m og er det største stryket på seksjonen. Elva åpner seg opp, og går snart inn i eit djupt og innelåst juv. Neste skile dropper 4 meter, og det er på det smaleste berre 1,5 meter bredt! Straks etter kommer eit 3 meter dropp, etterfulg av ei sklie som dropper 3 nye meter. Elva går så inn i eit upadlebart stryk som må bærest på elv høyre. Etter bæringen åpner juvet seg ned mot der ein tar ut, og det er rolige sklier.

Hattelva (3)

Hattelva trenger mykje vann då den er veldig steinete, men er det mye vann i området er dette eit supert alternativ! Dette er ein fin kosetur for flinkere padlere eller ein utfordrende tur for nybegynnere som trenger noe meir og bryne seg på. Hatteelva har morsomme og kontinuerlige stryk, så ha dette i bakohodet om det er mykje vatn. Etter ca. 600 meter kjem seksjonens einaste dropp på 2 meter. Videre forsetter de kontinuerlige strykene ned til takeout.

Fusta (2-3)

Fusta er ei kjempefin nybegynnerelv! Faktisk så fin at Fjellsport og kajakk bruker den til å øve teknikk. Seksjonen er rolig de første hundre meterene til ein kjem til ein venstre sving. Her starter eit lengre samanhengande parti, og det er mange flotte bakevjer ein kan trene på å ta. Når elva svinger til høgre er det eit langt og rolig strekke. Her er det mange fine steiner og «moves» ein kan ta; perfekt for teknikktrening! Siste stryket er det mest utfordrende stryket og går fra steinbrua ned til havet. Her får nybegynnerene pushe seg litt!

Vefsna Elvefestival

Vefsna Elvefestival er eit årleg arrangement i regi av Vefsna Elvepadleklubb. I 2016 vart festivalen arrangert for første gang på Trofors i Grane Kommune. Festivalen holdes på Grane Bygdatun, ein koselig atmosfære med bygg frå 1800-tallet. Det ligg ca. 20 padleperler fra grad 2-5 (for nybegynnere og profesjonelle) innan ein times køyring frå camp.

Korleis starte med elvepadling?

Mange lurer sikkert på korleis ein startar med elvepadling. Tilgangen på utstyr og kunnskap kan fort gjere at det verkar vanskelig. På linja Fjellsport og kajakk får ein tatt grunnkurs elv, og ein vil få muligheten til å utfordre seg i elva.

Om ein ikkje har mulighet for å gå på folkehøyskole, så kan ein gjennom Norges padleforbund ta grunnkurs elv. Grunnkurset kan være organisert av kajakklubbar, studentorganisasjonar eller private aktørar. Grunnkurs elv gir deg de grunnleggande ferdighetene til å kunne ferdes på elv. Etter endt kurs åpner muligheten seg til å kunne delta på organiserte padleaktivitetar for å lære meir.

Ruben J. Davidsen i Sogndalselvi. Foto: Anders R. Eriksen

Gjennom kajakklubbar eller studentorganisasjonar kan ein delta på organisert padling. Under organisert padling får ein padle med ein aktivitetsleder som sitter på meir erfaring. På den måten har ein muligheten til lære og utvikle egne ferdigheter i lag med andre padlere. Medlemskap i kajakklubber og studentorganisajoner gir som regel muligheten til å låne utstyr til ein rimelig penge, og det kan derfor være lurt å vente med å kjøpe eget utstyr.

Padleordbok:

Boof = Teknikk kvar ein løftar bauen på kajakken slik at ein landar flatt

Putin = Starten på ein seksjon

Take-out = Slutten på ein seksjon

Must-run= Stryk som må padles og ikke kan bæres

Elvegraderinger = Frå 1 til 6, kvar 1 er flattvann og 6 er upadlebart

Read and run = Å lese elva mens ein padler

Bakevje: Strøm i elv som av ein naturlig hindring skjærer ut frå hovudstrømmen og trekker tilbake.

Hopp rett ned til innholdet