På toppen skjer det mykje rart. Nylig vart det feira bursdag som om vi skulle ha vore små barn igjen. Stilen var det i alle fall ingenting å sei på, der alle møtte kledd etter den moten dei sjølve synes barn skulle ha. Med pizza og kake i magen leika vi barneleikar som aldri før. Setje halen på grisen, lakriseting og sekkeløp var somme av slagerane. Intensiteten gjennom kvelden førte til at både prompeputa og heile to vannpistolar vart øydelagde. Sånt må ein vel forvente når ein har eit så stort selskap med berre barn…