Fjellsport-elevane Hanna og Reidun er begge engasjerte i Mosjøen Skytterlag, og trivest godt med å ha ein ekstra hobby ved sidan av folkehøgskulen. Dei har begge drive lenge med skyting, og synest det er fint at dei kan oppretthalde treninga, sjølv om dei ikkje lengre bur heime. Men korleis er det eigentleg å kome seg litt ut av folkehøgskulebobla?
Kvifor valde de å bli medlem av Mosjøen Skytterlag?
Hanna fortel at ho eigentleg hadde tenkt til å ta eit pauseår då ho skulle byrje på folkehøgskule. «I sommer kvalifiserte eg med til eliteklassen, måtte derfor å opprettholde treningen. Eg var fast bestemt på å melde med inn i Mosjøen Skytterlag med en gang eg startet på folkehøgskole».
Reidun var eigentleg litt usikker på om ho hadde tid til å halde fram med hobbyen sin med tanke på at det er så mykje å oppleve her på folkehøgskule. Då klassevenninna melde seg inn, kom skyttarlengselen, og etter kvart fekk Hanna med seg Reidun på si nye reise i Mosjøen Skytterlag.
Korleis er miljøet i skyttarklubben?
«Vi drar ned gjennomsnittsalderen betydelig med tanke på at dei fleste aktive medlemmer er godt voksne menn! Me har blitt tatt enormt godt imot, vert henta av Frode kvar tirsdag og torsdag for å dra på trening og ellers på stevner».
Jentene fortel vidare at dei ikkje er så opptekne av nivå i skyttarlaget, men at det likevel er kjekt å setje seg mål før treningar og stevner. Målet for dei aller fleste skyttarar er å kvalifisere seg til finalen i landsskyttarstemnet. Et lite ønskemål for dei begge er òg å delta i superfinalane som avsluttar Heli-Team Cup og Norgesvinduet Cup.
Kva er det beste med skyting?
«Med skyting får me utrolig god mestringsfølelsen, nye vennskap, utfordringer og godt samhold mellom kvarandre. Me kan godt sei at skyting er ein givende sport!»
Sang og musikk som hobby
Eg har òg fått gleda av å møte nokre av dei som lever utanfor folkehøgskule-bobla her i Mosjøen. Den 1. desember var det duka for adventskonsert i Dolstad kyrkje i regi av Mosjøen Hornmusikk. I den forbindelse fekk eg anledning til å delta på konserten, og syngje nokre sangnummer saman med korpset.
Sjølv har eg drive med song og musikk så lenge eg kan hugse, og eg byrja å spele trompet i ti-års alderen. Korps har difor alltid stått mitt hjarte nær, og planen har lenge vore å bli med i Mosjøen Hornmusikk. Men no vart det slik at dagane i den travle Toppen-tilværelsen suste forbi, og intet nytt medlem vart ynskt velkomen i hornmusikken. Heldigvis kom spørsmålet om å syngje på adventskonserten, og det vart det vanskelig å takke nei til.
Sang har alltid vore ein stor del av livet mitt, og eg definerer det som hovedinstrumentet mitt. Heime i Stryn har eg spelt lenge i korpset, men eg har òg hatt gleda av å få syngje saman med korpset der fleire gangar, spesielt i juletida. Adventskonsert har dermed blitt ein tradisjon for meg, og det er utruleg triveleg å kunne halde den ved like sjølv om eg ikkje lengre bur heime. Hornmusikken her, men Trond Indergaard som dirigent, tok meg veldig godt i mot, og med kjente og kjære julesongar som «Det lyser i stille grender» og «Mitt hjerte alltid vanker» fylde vi kyrkja med vakre tonar.
Mange trufaste gjester, samt en gjeng Toppen-elevar tok søndagsturen i snøvêret for å støtte opp om lokale pådrivarar, og alt i alt vil eg seie det vart ein vellukka konsert. Så vellukka vart den, at eg har blitt ynskt velkommen som nytt medlem i Mosjøen Hornmusikk fra og med Januar. Interessa for korpsmusikk har òg spreidd seg her på Toppen, og fleire blåserar har funne vegen inn i Mosjøen sitt korpsmiljø. Stor stas!
Trenarjobb hos Halsøy Tigers
Kvar onsdag får Idrettseleven Johannes gleden av å spele fotball saman med Halsøy Tigers. Han er ein av dei som gjennom valgfag på skulen fekk mogelegheita til å bli litt betre kjent med andre her i fra Mosjøen.
Korleis endte du opp i Halsøy Tigers?
«Jeg fikk muligheten ved at jeg valgte besøksvenn som valgfag. I utgangspunktet trodde jeg at vi skulle møte eldre ensomme mennesker, men når jeg fikk tilbudet om å trene Halsøy Tigers kunne jeg ikke si nei. Her fikk jeg muligheten til å jobbe med mennesker med utviklingshemming og være med på å gjøre fotball til en arena for samhold og glede».
Har du stor interesse for fotball?
«Jeg har alltid drevet med fotball. Fotball har alltid vært noe jeg har hatt stor interesse for og den har vært en viktig brikke i det sosiale opp igjennom hele barndommen og ungdomstiden. Interessen kom av fotballspilling i friminuttene på skolen og ved å se på de store fotballstjernene spille på TV».
Korleis vil du beskrive miljøet i fotballklubben?
«Miljøet i Halsøy Tigers er veldig godt. Jeg har blitt tatt godt imot og alle er svært hyggelige. Jeg var litt skeptisk i starten av året. Jeg har aldri vært fotballtrener før og jeg har heller aldri jobbet med funksjonshemmede, så det var en stor utfordring. Miljøet i Halsøy Tigers er fantastisk, jeg fikk god veiledning av de andre trenerne og spillergruppa var veldig hyggelige og tok meg godt imot. Det er selvsagt utfordringer ved å trene et lag som Halsøy Tigers i form av at du må være tydeligere på kommunikasjon og må legge opp treninga slik at den blir gøy».
Korleis er planane framover for laget?
«Vi har bare vært med på en turnering foreløpig, men jeg vet at vi skal delta på turneringer i løpet av våren. Vi har også spilt en vennskapskamp mot fotballinjen på toppen, noe jeg tror mange av Toppen-elevene syntes var veldig gøy!»