fbpx

I helgen som var ble det arrangert hundekjørerløp Herringen Trail i Mosjøen. Lærer Caroline Onarheim på Friluftsliv LETT tok med seg 10 elever  som skulle jobbe frivillig under selve arrangementet. Caroline skulle delta med fire under, men hadde en hund til overs! Linjelærer er ganske spontan, så hun spurte rett før vi kjørte om Margit Håga kunne tenkt seg å delta på snørekjøring med en hund. Margit er ikke vanskelig å be, så hun hentet ski i full fart og vi reise alle sammen bort til Sjåmoen Skistadion i Mosjøen. Like før start fikk Margit en hund med navnet Foss. Rett før start spør Caroline om hvilke erfaringer har du egentlig med hundekjøring?
– Ser ein bort i frå dei rolege skiturane med border collien min heime, har eg absolutt inga erfaring med hundekøyring.

Margit er ei 19 år gammal jente fra Lesja, og går linja Fjellsport og Kajakk New Zealand. Hun er svært aktiv med trening på fritiden og har gått en del langrenn før. Under Herringen Trail hadde hun en beste tid på 39.34 under 10 km snørekjøring. Det var hele 10 minutter før de andre som deltok uker konkurransen!

Hvordan var det å gå langrenn med hund kontra uten?
– I snørekøyring jobbar ein som eit lag, kor ein må samarbeide med hunden for å halde tempoet oppe. Som på vanlege skirenn, er målet i snørekøyring å gå mest mogleg effektivt, men her spel også hunden ei viktig rolle. Eg synes det var fint å vere to, og det var deilig å få litt ekstra drahjelp når det skorta på krefter. Det gav meirsmak!

– I utgangspunktet skulle eg hjelpe til som løypemannskap, men rett før avreise, kom Caroline med ideen om at kunne prøve meg som deltaker. Så plutseleg hadde eg trekkhund, sele og startnummer på brystet, og var klar til å delta i mitt aller første hundeløp – fullstendig utan erfaring. Uvitande om kva eg hadde i vente, kjente eg veldig på nervene før start. Men i det vi starta, gjekk alt av seg sjølv, og vi gunna på gjennom den 10 kilometer lange løypa. Vi fekk litt trøbbel med forbipasseringane, men ellers gjekk det over all forventning. Særleg stas var det å bli heia på av resten av gjengen frå folkehøgskulen.

Hva er oppskriften på å gjøre det så bra som du gjorde?
– Som nokolunde aktiv langrennsløpar, var ihvertfall skigåinga på plass. Men i snørekøyring må ein i tillegg samarbeide med ein firebeint partner, som i mitt tilfelle var ei 14 månader gamal maskin av ein alaska husky, Foss, med ADHD og mager konkurranseerfaring. Eg veit ikkje om eg kan kalle metoda mi som oppskrifta på suksess, for same kor mykje eg brølte til hunden, var dei andre hundene i løypa meir interessante. I etterkant har eg fått vite at eg må bruke ljos pipestemme for å få dyret til å reagere, så det får bli mitt tips.

Takk for at eg fekk moglegheiten til å prøve meg på hundeløp!

Ei oppleving for livet!

Hopp rett ned til innholdet