fbpx

Førre veke var vi i Fjellsport og Kajakk på 2-dagars havkajakktur til Vikdalen. Det var ein spent gjeng som la ut på fjorden torsdagsføremiddagen. 9 av oss sette ut i kajakk, mens dei resterande 6 seilte i seilbåten linjelærar Håvard.

Etter omhyggeleg planlegging, var vi endeleg klare for å dra til sjøs. Vêrmeldinga hadde lova strålande sol og lite vind. Midt ute i fjorden, blåste det brått opp. Bølgjene slo over kajakkane, og det utvikla seg til ei strabasiøs ferd. Mens kajakkarane kjempa mot bølgjene, suste seilbåten bekymringslaust forbi.

Stemninga tok heilomvending, då to i kajakk havna i vatnet. Takka vere flinke medelevar, kom alle seg trygt i land. Vi har hatt god opplæring i kameratredning, så redningsakskjonen gjekk bra tatt vêrforholda i betrakning. Ein triveleg hyttebeboar kom også til unnsetning.

Etter å ha fått reflektert rundt hendinga og roa ned nervane, padla vi vidare til idylliske Vikdalen. Her slo vi leir, og alle gjorde ein god innsats for å skape ein hyggeleg kveld. På menyen stod pasta bolognese. Deretter var det duka for bålkos. Vi hadde stelt i stand pinnebrød og innbakte eple, som vi grilla på bålet.

Dagen etter delte vi oss, og øvde på ulike teknikkar og redningar i kajakk. På ettermiddagen haika nokre med ferja attende til Mosjøen, medan resten seilte oppover i blikkstille vatn.

Hopp rett ned til innholdet