fbpx

Om lag heile september har halve teaterklassen jobba med skodespelet «Mirakelets tid» av  Kim Fupz Aakeson. Det handlar om Dennis som er ein ung gut med ein del ting som ikkje heilt går han sin veg. Mor hans driv å plage han i heimen, på skulen vert han mobba av ein lærar, han er forelska i same jenta som sin beste ven og han er ikkje kome like langt som resten av klassen i pubertetsavdelinga. Som siste utveg vende han seg til Gud og ber ein bønn om at alt dette skal ordne seg. Utrulig nok kjem det sendebod frå himmelen og gjev han ein midlertidig englelisens som gjer at han får krefter. Han prøver å endre på alt han meiner er gale med livet sitt, men det går ikkje heilt etter planen.

Prosessen byrja med at alle vart einige om kven som skulle ha kva rollar, så byrja me å jobbe med korleis sjølve karakteren skulle vere. Kva er grunn til at akkurat DIN rolle er som den er? Bakgrunn, gange og sist men ikkje minst, kostyme. Me satt opp ein produksjonsplan over når dei ulike tinga skulle vere i boks. Så satt folk i gong med å lære seg replikkar og i timane gjekk me gjennom individuelle scener for at kvar og enkelt scene skulle verte så gode som berre mogleg. Plutselig var det ikkje so lenge igjen til premiere og då byrja gruppa å kjenne på presset. Den siste veka før det knaka i veg med fyrste framsyning vart det intens jobbing i Black Box. Det vart godt samarbeid med LLS for at alt skulle klaffe skikkelig. Til sjuande og sist klarte me å ro oss i land og viste fram eit heidundrande skodespel!

Hopp rett ned til innholdet