fbpx

Nå som årets elevkull har forlatt oss og skal ut på nye eventyr, så har vi bedt noen elever om å oppsummere året hos oss. Andrea Vinsrygg Steen har gått på linja Friluftsliv LETT i år, og har dette å si om tiden på Toppen:

Andrea, kan du fortelle litt om ditt år på Toppen?

Då eg kom til Toppen var eg ei av dei litt meir forsiktige, og eg grua meg egentlig ganske mykje til nokre av aktivitetane vi skulle igjennom. Vi byrja rett på med både rafting og grotting, noko av det råaste og skumlaste eg har vore med på. Å leve litt på kanten, eller kanskje helst følelsen av at ein trur ein leve litt på kanten er den beste opplevinga eg tek med meg frå dette året. Eg ville ikkje vore forutan fart og spenning dette året, og slike opplevingar, som ein i noko grad blir litt pressa til, vil eg sjå tilbake på som dei råaste. Definitivt noko eg ikkje før hadde oppsøkt sjølv, men som eg gjerne kan gjere igjen.

Meistringsfølelsen var spesielt stor den gangen vi padla kajakk i linjeveka på Vega. Når eg satt meg i den vinglete kajakken, og innsåg at det kun var opp til meg å halde meg tørr var eg nesten på gråten, men etter få minutt gjekk det som ein leik. Ein liten ekstra kajakktur heiv eg meg til og med med på. Litt av ei meistringskjensle!

Kan du fortelle litt om din beste tur?
Linjeveka til Frankrike vil eg trekke fram som toppen av kransekaka. Klatring i slike fantastiske omgjevnader gjer at sjølv den mest skeptiske klatrar, forelskar seg i sporten. Her var det noko for alle nivå, og vi alle kjende nok på meistringskjensla der vi hang i solveggen.

Å bu saman i telt i 7 dagar skapar eit samansveisa klassemiljø, og ein set verkeleg pris på reisekameratane sine når ein står og lagar middag på primus, har kollektiv tannpuss eller hentar baguettar på det lokale bakeriet!

Kan du fortelle litt om dine beste minner? 
Nest siste skuleveka reiste vi heim til Caroline og grilla på plattingen hennar. Nydeleg veir og nydelege pølser. Vi hadde kokkekamp, spelte boccia og kubb, og heile klassen var i perfekt harmoni. Ingen hadde dårleg tid, alle oste av positiv energi, og eg følte verkeleg på samhaldet

Første tur var grotting i Sandnessjøen. Vi blei delt inn i to grupper, og skulle klatre oss inn i denne mørke glatte grotta. Dette var ein spennande start på Friluftsliv LETT, og vi fekk verkeleg Bryne oss på samarbeid. Gleda av å få ei hjelpande hand og nokre støttande ord når eg trudde eg skulle dette ned i ein sprekk og dø er kanskje det beste minnet eg sit igjen med. Klassekameratene mine var enno ukjende, men når vi arbeidde så godt saman mot eit felles mål, visste eg at kvar enkelt i denne klassen kom til å få en spesiell plass i hjartet mitt.

Tusen takk for i år, Andrea! Og takk for gode ord!
Lykke til videre og ha en riktig fin sommer ❤

Hopp rett ned til innholdet