fbpx

Idrettseksjonen fekk oppleve mykje av Helgeland då vi reiste med Hurtigruta oppover langs kysten. Vi gjekk ombord frå Sandnessjøen og fekk med oss soloppgangen og fjella rundt i nydeleg veir! Boblebadet på taket av MS Trollfjord vart oppdaga og måtte sjølvsagt prøvast ut før vi kom til Bodø.

I Bodø fekk vi et mangfald av aktivitetar. Alle man var med til Universitetet i Nordland og Politihøgskolen og såg på studietilbod, i tillegg til at vi fekk bruke idrettsanlegget der til å spele fotball, klatre og trene styrke.

Neste dag hadde man moglegheit til å velge så mangt. Somme var på Aspmyra og såg på Bodøglimt trene, nokon var på luftfartsmuseet, medan ein siste gjeng var i Buldrehall og klatra. Resten av dagen gjekk til bading i Nordlandsbadet og shopping på City Nord. Dagen avslutta vi med middag på Egon. Og alle er fremdeles like glade i pizza!

Heimreisa var med tog, og snart var vi tilbake til fantastiske Mosjøen med enda fleire erfaringar og opplevingar.

 

 

Hopp rett ned til innholdet