Årets elevråd her på Toppen har konstituert seg, og er klare for eit år med utfordringar, oppturar og nedturar, og ikkje minst tipp topp samarbeid!
Elevrådet 2019/2020 på Vefsn Fhs Toppen består av Ida M (Band), Karl (Nettserie), Torfinn (Teater), Martin (Idrett/Fotball), Erik (E-Sport), Arran (Laptop), Maria (Fjellsport), Selina (Sceneproduksjon), og Arthas (Friluftsliv) – to sistenemnde ikkje tilstades på biletet:
Elevrådet er eit demokratisk organ som er til for at elevane på ein skule skal få kunne utrykkje meiningane sine. Elevane har rett til å bli høyrde, og til å kunne delta i avgjerdsler som påverkar deira eigen undervisning og skulekvardag. Elevrådet skal vere eit bindeledd mellom skuleleiinga, lærarane og elevmassen, og det er difor viktig å velje eit elevråd som ynskjer å jobbe for elevane sitt velvære på skulen.
Folkehøyskoleloven seier at «Hver skole skal ha et elevråd. Styret fastsetter utover dette hvilke råd og organer som er nødvendige for å sikre demokratiske rettigheter og forsvarlig drift.» Etter at elevrådsleiaren vart vald felles av alle elevane på skulen, konstituerte elevrådet seg medan dei var på koseleg besøk hjå Bodil Nystad. Det var viktig for elevrådet å få møtes ein gong før haustferien, og etter eit triveleg besøk var dei klare for å representere klassekameratane sine. Lukke til med årets oppgåver, morosame prosjekt og viktige arbeid!
I år er det Maria Kalhagen frå Gaupne som skal leie elevrådet. Ho går på linja FKNZ og gler seg veldig til å byrje arbeidet. Her fortel ho litt om sine mål som elevrådsleiar, og planane til årets elevråd:
Kvifor ville du bli elevrådsleiar, og kva er viktig når du skal vere elevane sin representant?
Eg er veldig opptatt av, og synest det er kjekt å engasjere seg i saker der vi ungdom har ei stemme. Tidlegare har eg vore styremedlem i elevrådsstyret på Sogndal Vidaregåande Skule, og eg synest dette var veldig kjekt. Eg ynskte dermed å bli elevrådsleiar her på Toppen. Ved å vere ein del av elevrådet kan eg få representere elevane på skulen, samt hjelpe dei til å føle seg høyrde og respekterte i skulekvardagen. Mi hjartesak som leiar er at det skal kjennast trygt å seie frå om saker ein er misnøgde med. Elevane skal bli tekne på alvor!
Har du nokon idèar til arrangement elevrådet kan arrangere i løpet av året?
Ut over året ynskjer eg å arrangere ulike events spesielt knytt til natur og miljø. Eg håpar elevrådet kan få arrangert Grøn Fredag som ein motpol til Black Friday, samt få markert Earth Hour. Eg er òg oppteken av at elevane på skulen skal kunne bruke elevrådet som ein ressurs for å få gjennomført sine eigne idear.
Trur du elevrådet vil møte på utfordringar?
Den største utfordringa til elevrådet trur eg vil bli tid. Vi har mange visjonar og idèar, men det er ikkje sikkert at vi får tid til å gjere alt vi har lyst til.
5 ting du burde vite om Maria:
1. Maria sin favorittfarge er lyseblå
2. Maria ville heller alltid hatt mat i håret, enn hår i maten (trur ho kanskje)
3. Maria får litt vondt i rumpa av å sitje i ro fordi ho i 2013 knakk halebeinet då ho skulle skli på rumpa ned ei trapp
4. Maria har ein brun og regnbogefarga bambustannkost (veldig miljøvennleg!)
5. Maria ville heller levd resten av livet utan musikk, enn å måtte ha lytta til same songen på repeat kvar dag