fbpx

TV-aksjonen NRK 2017 er Norges største innsamlingsaksjon, og har vert arrangert kvert år sidan 1974. Her samlas pengar inn frå frivillige donørar til UNICEFs arbeid, som går ut på å gje skulegong og håp til barn som rammes av konflikt. Aksjonen i år fokuserer på barn i Colombia, Mali, Sør-Sudan, og Pakistan.

 

I helga har heile landet gått sammen for å støtte barn i nød gjennom TV-aksjonen 2017, og på Vefsn Folkehøgskole Toppen har det vert full gong med aktivitetar med open skule for å samle inn pengar til akjsonen. Her har kver linje stilt opp med massevis av aktivitetar for alle, med uteaktivitetar og leikar (inkludert rebusløp, loddtrekningar, og eggeløp), konsert, ansiktsmåling, salg av kaffe og kaker, og mykje meir. I tillegg, er det fleire elevar som har gått som bøsseberarar.

 

Nokon dagar etter eventet, tok me å intervjua elevrådsledar, Edda Leonardsen, som var med på å organisera opplegget;

 

  • Korleis syntes du dagen gjekk?

«Eg synes dagen gjekk veldig bra! Det va synd det ikkje kom fleire folk enn det gjor, men elevane koste seg skikkelig. Det var skikkelig god stemning, og det var sjukt godt å sjå! Alt i alt er eg veldig fornøyd.»

  • Korleis gjekk planlegjinga for seg?

«Det var oss i elevrådet som ordna. Me delte ut oppgåver på linjene, så ikkje berre elevrådet skulle få vere med på det. Det var også for det meste meg og Thea som stod for markedsføringa, og for å få alt til å skje. Det var litt dårlegt med svar på mail og sånt, spesielt frå sponsorar og lignande, så ikkje alt gjekk som planlagt, men det blei jo godt nok til slutt då!»

  • Korleis var forventningane i forhold til resultat?

«I forhold til elevane sitt arbeid på dagen, vart eg positivt overraska! Eg visste ikkje det kom til å bli så bra gjennomført som det blei. Når det kom til antall besøkande, hadde eg ingen forventnignar. Dagen før visste me ikkje om det kom til å komme 10 eller 500 folk liksom. Men ja, eg vart veldig imponert over elevane sine aktivitetar på dagen.»

  • Er du fornøyd?

«Veldig fornøyd. Eg er veldig stolt, og me klarte å samla inn mykje pengar, spesielt med tanke på at me i elevrådet ikkje kjendte kverandre så godt på forhand, sia me blei kasta litt ut i arbeidet. Eg syns me fekk stelt i stand eit veldig bra opplegg, som eg så klart kunne ynskje fleire fekk tatt seg tid til å vere med på, men det blei ein veldig kjekk dag, og eg er glad me gjor det!»

 

Med så godt oppmøte og elevars harde arbeid, har skulen klart å samla inn over 11 000 kroner til ei god sak. Takk til alle elevene ved Toppen folkehøgskole for god innsats!

Hopp rett ned til innholdet