fbpx

Her på Toppen synest vi at det er viktig for elevane å utforske horisonten litt. Allsidigheit er eit fokus skulen vår brukar mykje tid på, og det er difor viktig at vi tilbyr mange ulike valfag som viser breidde både innan for eit aktivt og eit kreativt aspekt. Dei siste to vekene har alle valfaga kome godt i gang, og her får de ein liten smugkikk på kva elevane styrer på med på ettermiddagstid, og på valfagsdagane.

VALFAG FRILUFTSLIV
Valfag friluftsliv reiser på tur ca en gang i veka for å oppleve den fantastiske naturen Mosjøen og Helgeland har å by på. Årets friluftsliv valfag-klasse består av elevar frå heile åtte av ti linjer her på skulen, noko som bidreg til å skape eit godt samhald på tvers av linjene og seksjonane. Dei fleste elevane har nok fått oppleve at å gå på tur saman er ei fantastisk mogelegheit til å knytte nye bekjentskap.


Første tur gjekk til tvillingane på «De Syv søstre». Her fekk elevane oppleve det nordnorske vêret med kraftig vind på toppen, men sola kikka òg fram, og den praktfulle utsikta på toppen gjorde alle dei strevsame, bratte bakkane verdt det. Kanotur på Fustvatnet er òg ein av aktivitetane valfaget har å by på. Bålkos i vasskanten og triveleg samarbeid om å padle seg framover gav meirsmak til fleire turar.

 

 

VALFAG YOGA
I år er det Lise frå Sol Kundalini Yoga AS som underviser i valfag yoga her på Toppen. Kundalini yoga er «et kraftfullt og effektivt system for selvtransformasjon og personlig utvikling. Med kundalini yoga kan du skape en sunn kropp, utvikle et balansert sinn og få en dypere kontakt med din indre visdom». Denne type yoga passar for alle aldersgrupper og ein må ikkje ha nokon spesielle ferdigheiter for å drive med kundalini yoga.

Årets yogaklasse består av omtrent 20 elevar som ivrig møter opp kvar tysdag i gymsalen. Når alle har funne roen tuner vi inn med eit slags mantra før vi begynner ulike øvingar som går på kjernemusklatur kombinert med fokus på pust. Bevisstheit knytt til eigen kropp og eigen pust er sentralt i yoga, og elevane bruker mykje tid på å berre kjenne etter korleis kroppen har det. Favoritt-delen av yogatimen er nok for mange avspenningsdelen. Å ligge ei lita stund heilt i ro og slappe av under eit pledd gir ekstra energi til ein kvar Toppen-elev. Yoga på Toppen er eit fint pusterom i den litt hektiske kvardagen.

 

VALFAG KLATRING
Valfag klatring er for alle dei som trygt ynskjer å henge og dingle i lufta. Målet er å bli trygg på klatreutstyret, samt lære å sikre andre på ein trygg og riktig måte. Elevane får òg mogelegheit til å ta brattkort i løpet av året slik at dei seinare kan klatre på eiga hand.

Vi har spurt Lise frå Idrett Alt om korleis dei første klatreøktene i
klatreveggen på Kippermoen har vert:

Har du klatra noko før? Jeg har klatret litt med venner og familie hjemme i Oslo, men jeg har ikke brattkort ennå.
Kvifor valde du klatring valgfag? Klatring valfag virket veldig gøy, og man kan få mange mestringsfølelser av å drive med klatring. Jeg hadde også veldig lyst til å ta brattkort, noe man kan få mulighet til gjennom dette valfaget. 
Kva kan vere utfordrande med klatring? Å stole på utstyret og den som skal sikre deg kan være utfordrende. Sikkerhet er viktig når man klatrer, og når man klatrer for første gang kan det være utfordrende å gjøre alt riktig. Heldigvis får vi god oppfølging fra lærer Asbjørn.
Vil du anbefale valfag klatring til andre elevar? Definitivt. Det er veldig gøy å lære nye ting, og om jeg får brattkort kan jeg ta med meg klatringen hjem til Oslo etter folkehøgskolen. Det er også veldig sosialt å klatre.

 

 

Hopp rett ned til innholdet