fbpx

Mange av valfaga på Vefsn folkehøgskole Toppen er kreative fag der ein skapar noko saman eller individuelt. Skriveverkstad, kor, teatersport – og impro, og dans er nokre av dei ulike faga skulen tilbyr. Andre praktiske valgfag er blant anna brettspel og bærekraft – og miljø. Her brukar ein kreativiteten til å kome med idear, legge planer og arbeide med taktikk. Forrige veke tok vi oss ein tur innom nokre av dei ulike valfaga for å få eit betre innblikk i kvardagen til elevane.

VALFAG BRETTSPEL
Å samlast rundt bordet for å spele brettspel er ein perfekt sosial setting der alle enkelt blir inkludert. Her kan alle vere med og konkurranseinstinkt, tolmodigheit og tankekapasitet vert sett på prøve. Nokre elevar spela brettspel på blodig alvor, medan andre deltek mest fordi det er skikkelig triveleg. Timane er veldig varierte avhengig av om konkurranseinstinktet slår inn, men mest av alt er det ei avslappa stemning når elevane samlast rundt bordet.

Lærar på valfag brettspel er Kim Erik Aanes.
Han er òg linjelærar på E-sport så det seier seg sjølv at
han likar å spele spel. Vi har fått Kim Erik til å kåre sine topp 3 brettspel.

Nr 1 : CLANK – A deck building adventure
«deck-buingding games are amazing»

 Nr 2 : TSURO
«lett å lære, men ekstremt vanskelig å mestre»

 Nr 3 : TICKET TO RIDE
«passer for absolutt alle, og er godt balansert slik at
alle har like stor sjanse til å vinne»

 

VALFAG BÆREKRAFT OG MILJØ

Denne hausten starta stipendiaten vår Eira opp sitt eige valfag for å redde kloden. Dette fortel ho om faget:

«Valgfaget Bærekraft- og miljø handler om en av de hotteste temaene i disse dager, kloden. Kloden koker, og det har aldri vært viktigere å sette i gang tiltak enn nå. Jeg tenkte at det var på tide å ta i et lite tak for jorda, og hadde lyst til å kunne gjøre dette i lag med andre. Jeg ville starte et valgfag hvor vi kunne jobbe med miljørettede prosjekter, og i tillegg gjøre enkle tiltak som søppelplukking og fokus på sortering. Vi har allerede vært ute i fjæra med våtdrakter for å finne søppel langs ved og under vannet. Vi har sett en dokumentar om klesindustrien for å øke bevisstheten vår rundt klesforbruk og hvilken påvirkning industrien har for verden. Videre skal vi arrangere byttekveld, lage gjenbrukskunst, informeres og inkluderes i ulike miljøtiltak. Hele grunntanken bak dette prosjektet er så enkelt som at ingen kan gjøre alt, men alle kan gjøre noe. Sammen kan vi klare de utroligste ting, og dette er en liten start

VALFAG TEATERSPORT & IMRPO
Valfaget teatersport & improvisasjon er eit spannande praktisk fag der ein verkelg får utfordra kreativiteten og reaksjonsevna si. Her er det berre å kaste seg ut i det, og gjere sitt beste. Vi fekk vere med teatersport & improvisasjon i ein av timane deira, og då var det berre å tvinge seg ut av komfortsona, og bli med på leiken. Alle stod saman i ring og laga grimasar, rare lydar og store, overdrivne bevegelsar som vi sendte til kvarandre.

Dei ulike teaterleikane vert brukt for å hjelpe fram improvisasjonen, men er mest av alt utruleg artige. Her er alle saman like rare, og kan le med kvarandre, og støtte kvarandre til å utfalde seg sjølv. Teatersport & improvisasjon er rett og slett ein trygg arena for å lære litt om dramafaget, lære litt om seg sjølv og sine eige grenser, og ikkje minst er det ein arena der ein saman trygt kan dumme seg litt ut.

ANDRE VALFAG

VALFAG TA OPP FAG
Valfaget ta opp fag er meint som støtte til dei elevane som har planer om å gjennomføre privatisteksamen i løpet av skuleåret. Her kan du få hjelp til å betre studievanane dine, samt få disiplinerte og effektive lesestunder. For mange kan det vere veldig vanskelig å setje av tid til å lese fag når det alltid er noko kjekt og sosial som skjer her på Toppen. Ein går sjølvsagt på folkehøgskule for å skape nye relasjonar og delta i eit heilt spesielt sosialt fellesskap, men har du eit mål om å ta eksamen i løpet av året, er det ekstra fint å få eit lite spark bak, og litt ekstra hjelp til å bli strukturert. Valfag ta opp fag er òg ein perfekt arena for å finne seg ein lesepartner!

 

Hopp rett ned til innholdet