Når ein folkehøgskule har eksistert i 120 år er det naturleg at dei nye moderne tendensane i samfunnet vert trekte inn i undnervisninga. Lærar Alf engasjerer seg ofte i å snakke ungdommane sitt språk, og han bestemde seg dermed for å starte opp valfaget Pokemon Go, noko som engasjerte mange. Det er likevel ikkje berre høgteknologiske moderne valfag som er populære her på Toppen. Valfag kokkekurs har lang venteliste, og sjølv om matlaging tradisjonelt sett har vore eit valfag retta mot jenter ser vi på kokkekurs som eit tidlaust og nyttig valfag for alle som skal ut i den store verda. I årets klasse har òg gutar oppdaga at mat er veldig godt.
VALFAG KOKKEKURS

PS: takk til kokkekurs for deilige restar som hjarteleg blir delt ut til resten av medelevane <3
- Glade gutar på kjøkenet
- Kokken Kim Rune følger med
- Mat laga med masse kjærlegheit
VALFAG POKÉMON GO
«Valfag Pokémon Go høres skikkelig teit ut, men er faktisk jævlig gøy».
Dette seier bandelev Lars etter å ha hatt valfag Pokémon Go i over eitt skuleår:

Kva er kjekt med å ha dette valfaget? Mange spelte aktivt Pokémon Go før dei kom hit, men valfaget gjer at vi kan samlast og vere sosiale samtidig som vi spelar mobilspel. Å samarbeide om å gjennomføre ulike raids er òg veldig kjekt, og vi lærer mykje om kvarandre. Å få vere i aktivitet samtidig som vi har det gøy er òg ein bonus med valfaget. Ofte går vi rundt om kring i byen og spelar viss det er fint vêr.
Er det noko som er utfordrande? For å overta ulike gyms med mange bra fordelar må vi samarbeide godt, noko som ikkje alltid er like enkelt. Spelet er òg laga slik at ein er delt inn i tre ulike fargar. Dette gjer at vi ofte må kjempe mot kvarandre.


