fbpx

Når ein folkehøgskule har eksistert i 120 år er det naturleg at dei nye moderne tendensane i samfunnet vert trekte inn i undnervisninga. Lærar Alf engasjerer seg ofte i å snakke ungdommane sitt språk, og han bestemde seg dermed for å starte opp valfaget Pokemon Go, noko som engasjerte mange. Det er likevel ikkje berre høgteknologiske moderne valfag som er populære her på Toppen. Valfag kokkekurs har lang venteliste, og sjølv om matlaging tradisjonelt sett har vore eit valfag retta mot jenter ser vi på kokkekurs som eit tidlaust og nyttig valfag for alle som skal ut i den store verda. I årets klasse har òg gutar oppdaga at mat er veldig godt.  

VALFAG KOKKEKURS
Kokkekurs valfag er faget for den som ynskjer å bli betre kjent på skulen sitt storkjøken. Her lærer elevane å lage enkel og god mat som dei seinare kan få nytte av i studiekvardagen. Ut i frå elevane sine ynskjer vert det fokusert både på den norske tradisjonsmaten, men òg på mat med utanlandsk opprinning som t.d taco og tikka masala. Under årets første kokkekurs vart det laga deilig pizza og sjokoladefoundant til dessert. Elevane fekk sjølv trille ut sine eigne pizzabotnar, og velje fyll til sin personlege pizza. Det vart dermed litt for ein kvar smak, og alle fekk kjenne meistring ved å lage sin eigen mat. For mange er folkehøgskuleåret det første året vekke frå heimen, og det er fleire som kun har laga Grandiosa før. Kokkekurs er dermed ei fantastisk mogelegheit til å få hjelp av profesjonelle kokkar til å lage smakfulle festmåltid. som elevane sjølvsagt får nyte saman i godt selskap kvar veke.

PS: takk til kokkekurs for deilige restar som hjarteleg blir delt ut til resten av medelevane <3

VALFAG POKÉMON GO
«Valfag Pokémon Go høres skikkelig teit ut, men er faktisk jævlig gøy».
Dette seier bandelev Lars etter å ha hatt valfag Pokémon Go i over eitt skuleår:

Kan du forklare kva Pokémon Go går ut på? Pokémon Go er eit spel ein kan spele på smarttelefon som går ut på å fange ulike figurar frå den fiktive verda Pokémon. På telefonen får ein opp eit kart med ulike pokestops der ein kan fange ulike objekt, pokeballar og hjelpemiddel for å heve seg i nivå. Målet er å samle flest mogelege bra pokemons, og ein kan samarbeide eller kjempe mot kvarandre for å ta over ulike gyms som gir tilgang til ulike fordelar. Desto meir aktivitet som føregår i eit område, desto fleire bra pokémons er det.

Kva er kjekt med å ha dette valfaget? Mange spelte aktivt Pokémon Go før dei kom hit, men valfaget gjer at vi kan samlast og vere sosiale samtidig som vi spelar mobilspel. Å samarbeide om å gjennomføre ulike raids er òg veldig kjekt, og vi lærer mykje om kvarandre. Å få vere i aktivitet samtidig som vi har det gøy er òg ein bonus med valfaget. Ofte går vi rundt om kring i byen og spelar viss det er fint vêr.

Er det noko som er utfordrande? For å overta ulike gyms med mange bra fordelar må vi samarbeide godt, noko som ikkje alltid er like enkelt. Spelet er òg laga slik at ein er delt inn i tre ulike fargar. Dette gjer at vi ofte må kjempe mot kvarandre.

 

Hopp rett ned til innholdet