fbpx

Halloween blei markert med  ein skermmande bra mini-elevkveld. Folk hadde kledd seg ut som alt frå Mannen med ljåen til ananas. På vegen ned til Blackbox-en var det rigga i stand et lite spøkelseshus som sette stemninga før konsert med Work@Music og Lyd, Lys, Scene. Dei hadde øvd hardt og lenge og resultatet blei ein fantastisk rockekonsert. Etter konserten og kveldsmat med kake var det skattejakt i Gamlebygget, som for anledninga var laga om til spøkelseshus. Alle overlevde turen, nokon meir vettskremde enn andre. Kvelden vart avslutta med disko, dans og kåring av beste kostyme. Tusen takk til kulturproduksjon valfag for ein flott kveld.

Hopp rett ned til innholdet